Krokfonngjølet er ikkje akkurat normalruta til Rotsethornet. I alle fall ikkje i kveldsmørkret, og på is.

Difor var det mange voldingar som lurte på kva som gjekk føre seg onsdag kveld, då lys frå lykter viste at det var aktivitet i det bratte området.

Fleire ringde til politiet, som la ut på Twitter at det var snakk om klatrarar, og at "alt var OK med dei".

Erfarne klatrarar

Stig Helset, ein av dei mest erfarne klatrarane i Ørsta-Volda, var ein av dei som tok den uvanlege kveldsturen. Han fortel at det var ein fin tur, og han er ikkje overraska over at mange lurte på kva dei heldt på med

- Vi ringte sjølv til politiet for å melde frå om prosjektet og at vi var i god behald, etter at det byrja pipe i våre eigne telefonar og vi frykta telefonstorm. Slik er det når ein klatrar i sentrumsnære omgjevnader, seier Stig Helset.

Dei siste vekene har det vore mykje aktivitet i fjellet på kveldstid, takka vere stabile vinterforhold, og gode hovudlykter.