Nyttårsafta vart feira på tradisjonelt vis i Ørsta. I det fine veret var mange ute for å sjå på rakettane.

Tradisjonen tru var det fakkeltog med start frå Vikemarka skule, med god deltaking.

Fest

Feiringa ser ut til å ha gått roleg føre seg.

Den einaste politimeldinga i Ørsta-Volda gjeld eit tilfelle av festbråk. På Twitter skriv politiet: "Ørsta kl 0221: Politiet måtte dempe feststemte menneske, som forstyrra nabolaget."

Heller ikkje i romjula har det vore alvorlege politihendingar i Ørsta-Volda.

Ørsta gjekk inn i 2018 på denne måten Foto: Janne-Marit Myklebust