NCC Roads på oppdrag frå Statens Vegvesen har utbetra delar av den nedslitte strekninga på E39 mellom Hovdebygda og Ørsta sentrum. Torsdag starta dei med å asfalterte dei nokre bitar av E39 mellom Morkabrua og Hagen, og etterpå flytta dei seg til Hovdebakken.

Det er i denne omgang snakk om naudreparasjonar, der dei verste delane av vegen vart lappa. Først sommaren 2012 skal det gjerast ei fullstendig reasfaltering av Hovdebakken.

I tillegg skal det i oktober månad i år asftalterast til saman 3,5 kilometer av Fv 655 frå rundkøyringa i Ørsta sentrum til Rossåbrua, samt frå Høgebrua til Brautaset.

– Vi skal også reparere delar av gang/sykkelvegen frå campingplassen på Ose og oppover Hovdebakken i denne omgangen, seier byggjeleiar Jens Hamre Moe i Statens Vegvesen.

Dersom det vert vêr og føre til det, vil asfalteringa gå føre seg ut oktober.