Mot seks røyster godkjende kommunestyret at det vert kjøpt inn dataprogram m.a. til eigedomsskattinnkrevjing.

Startlån

Kommunestyret fekk seg førelagt ei sak om endringar i investeringsbudsjettet på i overkant av tre millionar kroner. I tilrådinga til kommunestyret heitte det at endringa skulle dekkjast inn ved å redusere bruk av startlån tilsvarande.

Saka forvirra kommunestyremedlemene meir enn ho opplyste dei.

Hans-Olav Myklebust (Frp) var skeptisk til heile saka.

– Vi er sterkt i mot å måtte redusere startlåna for å finansiere dette. Startlåna skal jo brukast til å hjelpe m.a. unge i å kome inn på bustadmarknaden. Vi ynskjer fleire innbyggjarar i kommunen, då er ikkje dette vegen å gå fram på, sa Myklebust.

Vidare var han kritisk til at administrasjonen no kjem med kostnader knytt til innføringa av eigedomsskatt, og ikkje då saka om eigedomsskatt vart handsama i desember i fjor.

– Vidare registrerer eg at det skal brukast midlar til å erstatte bilar med leasingavtalar med å kjøpe dei. Dette har eg vanskeleg for å skjøne, då leasing går over driftsbudsjettet, medan kjøp går over investeringsbudsjettet. Her er inga sak på at driftsbudsjettet skal verte redusert, sa Myklebust.

Eigedomsskatt

Paul Kristian Hovden (KrF) var usamd i kritikken av at det vart lagt fram ei sak med kostnader for innføring av eigedomsskatt.

– Det låg i korta. Men eg er samd i at sjølve saka som er lagt fram her, ikkje er ei god sak, sa Hovden.

Inger Sundnes (H) undra seg over om startlån kunne omdisponerast slik.

Likviditetslån

Rådmann Wenche Solheim presiserte at det ikkje lenger er snakk om å omdisponere eit startlån.

– For fylkesmannen har sagt nei til startlån for Ørsta kommune i år. I staden snakkar vi om eit likviditetslån, sa Solheim.

Fleire kommunestyrerepresentantar hadde vanskeleg for å skjøne samanhengen i saka.

– Korleis kan ein då i saka bruke startlån til dekning når opptak av slike lån ikkje er godkjent? Undra Myklebust.

Gildskap

Han vart forresten kjend ugild i saka, då han som medeigar i Bil & Gummiservice, etter eigne ord er med på både å lease ut, selje og leige ut bilar. Monica Rebbestad og Inge Kolås undra også på om dei var ugilde, då dei anten er tilsette eller medeigarar i firma som sel hus, og ergo kan ha nytte av stort forbruk av startlån. Dei vart ikkje kjend ugilde.

Etter eit gruppemøte fekk eit fellesframlegg frå Ap, H, KrF og V fleirtal. Det gjekk ut på å godkjenne investeringa i ymse dataprogram, men utsetje bilkjøpet.