Torsdag 12. april startar arbeidet med å byggje ny ferjekai og pir på Festøya. Det er selskapet Secora som er entreprenør for arbeidet.
Festøya skal få to moderne ferjekaier. Det vil seie at det er den eksisterande ferjekaia som no vert nytta til Hundeidvik-ferja som skal erstattast. Den eksisterande kaia skal rivast, og ny skal byggjast om lag på same stad.
Den nye ferjekaibrua vert 18 meter lang og 12 brei, medan den nye piren vert 104 meter lang, melder Statens vegvesen.
Med den nye ferjekaia vil det altså verte to store ferjekaier på Festøya. Dei er konstruerte for å møte ein framtidig trafikkvekst og nytt ferjemateriell på E39 Solavågen–Festøya og på Fv. 71 Hundeidvika–Festøya.
All trafikk i sambanda E39 Solavågen–Festøya og Fv. 71 Hundeidvika–Festøya vil verte frå den same kaia i byggjeperioden.
Vegvesenet understrekar at det er eit krevjande arbeid som skal utførast på dagtid, og på den tida av døgnet der trafikken i begge sambanda er stor.
For at i land- og ombordkøyring skal skje utan uhell, må trafikantane rette seg etter instruksar frå byggherre og ferjemannskapa. Når den nye europavegkaia er ferdig, vert den gamle U-svingen vekk, og bilane køyrer frå oppstillingsplassen og rett om bord på ferja. Dette gir ei oversiktleg, raskare og tryggare iland- og ombordkøyring, poengterer vegvesenet.
Ferdig i desember 2012
I samband med byggearbeida vert det innført ein ny ruteplan for fylkesvegsambandet Hundeidvika–Festøya frå første avgang frå Festøya torsdag 12. april. Frå 1. mai 2012 kjem det ny ruteplan for sambandet E39 Solavågen–Festøya.
Det er Statens vegvesen som normalt planlegg, bygg, driftar og held ved like fylkesvegnettet på vegner av Møre og Romsdal fylkeskommune.