Marie Takvam vart fødd på Skylstad i 1926, og skulle seinare verte ein av dei mest kjende og respekterte forfattarane i Noreg. Ho døydde i 2008.

Magnus Takvam er politisk kommentator i NRK. Han fortalde at det å ha Marie Takvam som mor, hadde både sine gode og mindre gode sider. Han fortalde ærleg om korleis det var å ha ei kjend mor, og ei mor som ikkje alltid var slik som andre.

Bondesamfunn

– Det som litteraturkjennarar seier om Marie, er at ein kan lese av poesien hennar at ho kom frå eit lite bondesamfunn, fortalde Takvam.

Han hugsa sjølv feriane i Olagarden på Skylstad, der han ferierte mest kvar sommar frå då han var åtte år gammal, og at det var der han også fyrste gong vart forelska.

Ved eit jonsokbål, og der eg tenkte på det eg hadde opplevd om natta i senga med halmmadrass på loftet, sa han med eit smil.

Trufast

Han la vekt på at Marie Takvam var trufast mot røtene, og dermed også språket ho vaks opp med.

– Ho heldt på dialekten og på nynorsken, om enn dialekten kanskje vart litt utvatna med åra. Det var ikkje til å unngå, fortalde Takvam.

Han er i gang med eit bokprosjekt om Marie Takvam. Det skal verte ei portrettbok, og Takvam las nokre tekster som alt er skrive. Han fortald om fødselen hennar på Skylstad, og då ho ni år gammal skreiv i lagsbladet Vårblom om kor gildt det var å vere åleine heime med dokka.

Bohem

– Men Marie hadde også sine mørke sider, og spesielt på 1970- og 1980-talet, då ho både var mor, men elles ikkje var heilt som andre mødrer. Ho levde vel det vi kan kalle eit bohemliv, og det var ei påkjenning både for henne og oss som var rundt henne, sa Magnus Takvam.

Men han synte fram at Marie Takvam sjølv var klar over at ho levde eit liv der det kunne verte for mykje, og las frå ein tekst der Marie sjølv ironiserte over dette. Det var eit brev skrive under eit opphald i Tunisia, og der ho skildra kjolen som var for trong, at det kunne verte mykje meir vin enn planlagt, fordi han var så billeg, og om då ho berre mtte sole seg på balkongen utanfor hotellrommet. Då fann ho ut at ho ville sole seg naken, og trudde ingen såg henne. Men tilfeldigvis var der eit heilt fotballag ved bassenget under, og som gjorde alt for å sjå henne. Då fekk ho klage frå hotelldireksjonen fordi ho fornærma dei muslimske fotballspelarane ...

Aasen og Sande

Det var mange som var med på 17. mai-feiringa i Norangdal, både bygdefolk og tilreisande. 17. mai-feiringa startar med toget frå Patchellbauten, og toget går til Hotel Union, for så å snu og avslutte ved tidlegare Øyelandet skule. Der er det eit program, og i tillegg til Magnus Takvam, las Steinar Nordang dikt av Ivar Aasen og Jakob Sande, og Oddny Flugekvam las dikt av nettopp Marie Takvam.

Etter programmet ved skulen, samla festlyden seg på hotellet, der det i år var tinga bord til 120 personar. Det er ny rekord.