Ørsta kommune skal ferdigstille grøntområdet på Klokkarmarka parkeringsplass.

Hovuddelen av arbeidet vert utført tysdag 14. mai, altså i dag. For at arbeidet skal kunne gjerast mest mogleg effektivt er ein avhengig av å kome til med hjullastar.

Det melder Ørsta kommune på si heimeside.

Brukarane av p-plassen vert difor oppmoda om å parkere på vestre del, mot Klokkargarden. Det vil verte sett opp sperringar på delar av parkeringsplassen.