Kostnadane for drift av kollektivtrafikk har det siste året skote i veret. No foreslår fylkeskommunedirektøren ei takstauke i 2023 på fire prosent for både buss og hurtigbåt.

Det melder Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.

Saka starta si politiske ferd tysdag i rådet for personar med nedsett funksjonsevne, og endar opp i samferdselsutvalet 30. november.

Bakteppet for forslaget er:

Ein eksplosjonsarta kostnadsauke blir i regjeringa sitt forslag til statsbudsjett ikkje kompensert.

Pandemien har dempa den positive utviklinga som kollektivtrafikken var inne i, og endra befolkninga sitt reisemønster og reisemiddelval. Staten har kompensert inntektstapet, men ordninga blir avvikla frå 1. januar 2023.

Utan at kostnadsauken blir kompensert, ser fylkeskommunedirektøren seg tvinga til å foreslå prisauke på billettar på bussar og hurtigbåtar.

Fylkeskommunedirektøren kjem også med forslag til endringar i produkta:

Å auke prisen på periodekort FRAM student og FRAM ung til 500 kroner

Å innføre produkta FRAM vaksen buss til 1.500 kroner og FRAM vaksen buss + hurtigbåt til 2.100 kroner

Å fjerne verdikort og firmakort

Å innføre familierabatt på buss laurdag og søndag og heilagdagar (med unntak av 17. mai)

Å innføre betaling for sykkel (barnetakst)