Vartdal og Barstadvik vert forskingsobjekt i eit prosjekt i regi av Universitetet i Tromsø. Forskarane kjem til Ørsta måndag 19.september.

– Me er tilknytt eit nordisk forskingsprosjekt som heiter CliCNord kor me forskar på korleis små lokalsamfunn taklar utfordringar knytt til naturfarar og klimaendringar, skriv stipendiat Leikny Bakke Lie i ein e-post til Møre-Nytt.

Dei inviterer til oreinteringsmøte på Vartdal onsdag kveld klokka frå klokka 19.

– Saman med Statsforvaltaren i Møre og Romsdal og Ørsta kommune har me sett nærare på risikoen for flaum og styrtregn i Ørsta kommune, og i denne delen av prosjektet ynskjer me no å sjå nærare på kva forhold innbyggjarar i mindre lokalsamfunn har til sitt eige nærområde, kva erfaring dei har med å leva med og handtera naturfarar knytt til flaum og styrtregn, og kva slags kapasitetsbehov dei kan tenkast å ha for å kunne styrka lokalsamfunnet si handtering av slike naturfarar, opplyser Lie.

Ho ønskjer og å kome i kontakt med ein eller fleire om kan vise forskarane litt rundt i nærområdet i Vartdal/Barstadvik.