Fagleiar for naturforvaltning, Bjørnar Otnes hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal registrerer at Storeeika på Urke er felt av Mørenett i samband med linjerydding.

På generell basis seier han at det hadde Mørenett etter alt å døme høve til å gjere.

Det er ei føresegn til Naturmangfalslova som gjev gamle eiker, også kalla hule eiker, eit vern.

– Nokre hule eiker er omfatta av forskrift om utvalgte naturtypar, og det følgjer av den at det skal gjerast særleg grundige vurderingar før det blir gjort tiltak som kan vere til skade for naturtypen. Hule eiker kan difor fellast dersom ein etter ei konkret vurdering kjem til at det er strengt nødvendig. Hule eiker som er til fare for menneske eller viktig infrastruktur kan difor fellast utan at det er i strid med forskrifta. Denne vurderinga ligg det til linjeeigar å gjere, skriv Otnes i ein epost til Møre-Nytt.

Han presiserer at å felle ei slik eik til dømes berre for å ha til ved, vil derimot vere i strid med forskrifta.