I juni 2018 er det 3.080 personar heilt utan arbeid i Møre og Romsdal. Det utgjer 2,2 prosent av arbeidsstokken. Dette er ein nedgang i arbeidsløysa på 17,6 prosent frå same månad i fjor.

I Ørsta er arbeidsløysa på 2,3 prosent, og i Volda 1,7. Dette utgjer høvesvis 131 og 76 personar.

– Vi har hatt ei god utvikling i arbeidsmarknaden i Møre og Romsdal med samanhengande fallande arbeidsløyse det siste halvanna året. Arbeidsløysa er redusert til 2,2 prosent både i Møre og Romsdal og i landet. Trass ein del variasjon blant kommunane, er arbeidsløysa både på Nordmøre, i Romsdal og på Sunnmøre på 2,2 prosent. Blant kommunane har det den siste månaden vore god utvikling i arbeidsløysa i Herøy, Ulstein og Hareid som var dei med høgast arbeidsløyse i mai. Til saman er det blitt 38 færre arbeidslause i dette området den siste månaden, seier fylkesdirektør Stein Veland.

– Blant dei arbeidslause rettar NAV spesielt stor innsats mot ungdom under 30 år, mot innvandrarar utanfor EØS og mot dei som har vore arbeidslause lenge. Det siste året har det vore ei god utvikling blant alle desse gruppene.

I juni 2018 har vi 902 arbeidssøkjarar i ulike arbeidsmarknadstiltak, 149 færre enn i juni 2017. Til saman gjev dette ei brutto arbeidsløyse på 3.982 personar i fylket. Arbeidsløysa i Møre og Romsdal er no 1,9 prosent for kvinner og 2,5 prosent for menn.

I landet er det 60.738 heilt arbeidslause. Dette er 2,2 prosent av arbeidsstokken, og er ein nedgang på 15,1 prosent samanlikna med same periode i fjor.