Tussa-styret hadde onsdag styremøte der det vart gjort vedtak om at det er sett i gang ein prosess med å selje Tussa sine eigne aksjar i Tussa, og at det vert betalt ut eit ekstraordinært utbyte i år dersom eit aksjesal eller ein emisjon fell på plass.
Tussa har ein eigardel på 12,82 prosent i konsernet som har ni eigarar.
Føresetnad
Dersom aksjesalet ikkje går i orden, har styret likevel intensjonar om å betale utbyte i 2012. Føresetnaden er at dette ikkje fører til vesentleg auka kostnader for Tussakonsernet - og at revisoren til Tussa ikkje har vesentlege merknader.
Det er konsernsjef Elling Dybdal som no har orientert eigarkommunane om dette.