Dagmar tok med seg fleire av dei store steinane som utgjer bølgjebrytarane i Hamneparken – no er dei forsterka, og skal tole meir enn tidlegare.

– Vi har gjort det så trygt som vi meiner at vi kan få det, seier Åmbøe.

Naturskadefondet har teke noko av kostnadene, medan Amfi også har engasjert seg for å få uteområdet reparert. Åmbøe skryt av engasjementet til Parkvesenet i Ørsta, som har medverka med gode råd og hjelp i oppryddinga. Dei har no fjerna ein del av grøntarealet bak bølgjebrytarane på vestsida av Amfi, der det blir lagd til rette for fleire parkeringsplassar i samband med utvidinga av Amfi. K.A Aurstad som stod for arbeidet då bølgjebrytarane vart laga til, har også reparert dei etter orkanen. I tillegg har Tussa og Landbruksbygg vorte engasjert i oppryddinga.

– No er det reparert, og klart til bruk att, fortel ein nøgd Åmbøe.