Det var fare for at ei rekkje flyplassar i Noreg, inkludert Hovden, ville verte stengde laurdag morgon grunna streik blant flyteknikarar og bakkemannskap. Meklingsfristen var sett til midtnatt fredag, men rundt klokka fem laurdag morgon kom meldinga om at lønnsoppgjeret var i hamn. Dermed går flytrafikken som normalt frå Hovden.