Det er fyrst om vel ein månad kongelege skal på offisielt besøk til Sunnmøre, då kronprinsparet mellom anna skal på vitjing til Hareid og Herøy. Kanskje var det for å rekognosere at Kongeskipet Noreg torsdag i 15.30-tida passerte Vartdal-bygdene.
Kongeskipet Noreg har flagget til topps akter når det er kongelege om bord. Som ein kan sjå av biletet, var ikkje det tilfelle torsdag. I følgje kongehuset sine eigen nettsider, er det vanlegvis fyrst frå mai av at kongeskipet vert nytta av dei kongelege. Det er Kongen som eig Kongeskipet Noreg, og det vert drifta av Sjøforsvaret.
Kongeskipet skal nyttast i offisiell samaheng på Sunnmøre når kronprinsparet kjem på offisiell vitjing frå den 24. til den 26. mai.