Mange av nettkundane til Tussa Nett miste straumen under og etter juleorkanen ”Dagmar”. For Tussa Nett vert dette rekna som ein kostnad som skal godskrivast nettkundane, opplyser Tussa Nett.

Tussa Nett har allereie betalt ut ni millionar kroner til nettkundar som hadde straumbrot lenger enn 12 timar under orkanen. Kostnader som følgje av straumbrot som var kortare enn 12 timar, vert frå 1. juli godskrive alle nettkundane ved at nettleiga blir redusert med 5 %. For ein gjennomsnittleg hushaldskunde utgjer dette 500 kroner lågare nettleige per år.

Meir informasjon om nettleigeprisar finst på www.tussanett.no.