Tidlegare har Ungdomsrådet i Ørsta sagt at dei tykkjer at busstilbodet Ørsta/Sæbø er alt for dårleg. Årsaka er at det ikkje går buss mellom kl 15.30 fredag til kl 07.05 måndag morgon.

Konsekvensane for svært mange av ungdommane i bygda som byrjar på vidaregåande skule er at dei vert nøydde til å flytte heimanfrå allereie som 16-åringar, og dette kan vere vanskeleg for ein del. Tysdag hadde levekårsutvalet saka oppe, men det å fjerne føremiddagsruta til Sæbø frå Ørsta meiner dei ikkje er riktig veg å gå.

– Vi har gjort arbeid i forkant av denne saka, og undersøkt litt. Det å flytte tidspunktet på denne ruta vil vere ein liten fallitt. Dette er det einaste føremiddagstilbodet når skuleruta ikkje går. Det vi ynskjer er at det skal kome ei ekstrarute. Saka må løftast opp og fram. Ungdomsrådet har teke opp dette i mange år utan at ein eigentleg har teke skikkeleg politisk tak i det. Ein har ikkje våga å prioritere dette i meldinga som går frå formannskapet og til fylket. Ungdom skal sleppe å flytte heimanfrå for å gå på vidaregåande skule i same kommune, seier leiar Sven Castberg i levekårsutvalet.

Styrking

I tillegg ser levekårsutvalet på ei ekstrarute som ei mogleg styrking av reiselivet.

– Ei ekstrarute vil kunne gjere bygda meir tilgjengeleg for turistar og vitjande, seier Castberg.

Ungdomsrådet har kome fram til at det er lite realistisk å tru at det kjem fleire midlar til fleire bussavgangar, og at justering av rutetilbodet er den einaste moglege løysing på problemet. Ungdomsrådet har også arbeidd med saka sidan 2008. Levekårsutvalet sender no saka vidare til formannskapet.