Det er rutesjef Tina Staven i Widerøe som lanserer forslaget. Det nye ruteprogrammet skal ut på høyring 1. juni, og vil eventuelt tre i kraft 17. september 2012.

Staven skriv at flya vil gå kontinuerleg frå Hovden til Bergen kvar søndag, og dagane måndag til torsdag. I dag går alle avgangar innom Florø, men dette vil berre skje på fredagar, ifølgje den nye planen.

– Endringane er i hovudsak gjort for å kunne tilby ein meir marknadsretta tidtabell som er i samsvar med etterspurnadene frå området, skriv rutesjefen.

– Fantastisk

Dagleg leiar Odd Magne Vinjevoll ved Ørsta næringskontor er med i Utviklingsforumet for Hovden Lufthamn – ei gruppe som arbeidar for utvikling av den lokale flyplassen, med medlemmer frå både kommunane og næringslivet på Søre Sunnmøre, Stranda, Hornindal og Stryn.

Han er naturleg nok svært nøgd med det nye ruteforslaget.

– Dette er ei fantastisk nyheit for heile området. I undersøkingar der næringskontoret spør sine 100 medlemmer om kva som er det viktigaste for deira verksemd, er det kommunikasjon som tronar på topp. Næringslivet er fullstendig avhengig av flyplassen.

Lengre perspektiv

Næringssjefen seier direkteflya til Bergen definitivt er eit steg i riktig retning for utviklinga på Søre Sunnmøre, og rettar blikket 10–15 år fram i tid.

– Tenk på mulegheitene som kjem med opninga av Kvivsvegen i september. Kva viss vi fekk til to daglege avgangar til Bergen – ein på morgonen og ein seint på ettermiddagen på slutten av arbeidsdagen? Det vil vere fordelaktig både for oljearbeidarar og Høgskulen, som har mykje møter og anna aktivitet i desse områda.

Vinvjevoll ser også mot Trondheim, der ruta kan gå innom Molde og Kristiansund. Dette forslaget ligg likevel lengre fram i tid.

– Søre Sunnmøre ligg midt i smørauget, med lett tilkomst for einkvar pendlar. Ei nedlegging av flyplassen hadde vore katastrofal, seier han.

Feilaktige opplysningar

Tysdag var det nemleg knytta utryggleik til lufthamna si framtid, fordi Møre og Romsdal fylkeskommune gav signal om at dei heller ville satse på Vigra (Ålesund). Bakgrunnen for dette utspelet, handla om mangel på fly som kunne takle dei korte rullebanene på Hovden. I dag er det nemleg berre dei gamle Dash 8–100 og Dash 8-200-flya som er tilpassa det lokale kortbanenettet.

Kommunikasjonsdirektør Richard Kongsteien i Widerøe går likevel ut i dagens Møre-Nytt, og seier imot fylkeskommunen si vurdering, som han meiner har basert seg på feilaktige opplysningar.

– Flyfabrikanten har forsikra oss om at kring 300 nye fly  vil stå klare i god tid før 2030. Det er ingen grunn til å avstå frå investeringar på Hovden.

Les saka: - Bruk ikke Widerøe for å legge ned Hovden

Les meir om saka i papiravisa torsdag.