Naturen på Sunnmøre er både variert. Innanforkorte avstandar finn ein alt frå spisse tindar eller rolegare småkuperte fjellog dalar. Dette gir påsketurmoglegheiter for alle. Her er utfordringar forbarske menn med 3 dagarskjegg og isøks – eller småbarnsfamilien på tur medtursjokolade og appelsinar. Fleire stadar vert det kjørt opp flottelangrennsløyper av skisenter og idrettslag.

Denne påska er det verdt å minne om at vihar bratte fjell og at ein difor bør ha ei viss kjennskap til terrengvurderingfør ein gir seg ut på topptur!

Full vinter denne påska – med oppskrift på skred

Akkurat no har vi fått full vinter igjenmed store snøfall og periodevis mykje vind! Dette er oppskrift på skred! Ogsjølv om det skulle bli ein dag med sol og blå himmel i løpet av påska – såforsvinn ikkje skredfaren heilt utan vidare… Så ikkje la deg lure av årstida ogynskje om påsketopptur!

I forhold til skred kan vi stille tospørsmål:

Spørsmål1 – er det bratt nok til at eg kan løyse ut eit skred?

Ferdast ein i terreng over 30 grader kandet vere fare for at du løyser ut eit snøskred.

Ikkje stol på at andre har gjortvurderinga for deg – og nytt gjerne eit speilkompass med hellingsvinkelmålarsom reiskap for å vurdere brattheita. Generelt vil det vere mindre fare forskiløparutløyste skred når snøen har blitt smelteomvandla. Denne snøen blirofte kalla vårsnø – men ikkje la deg lure av namnet.

Merk deg at slik forholda er akkurat nomed nysnø oppå smelteomvandla snø, så kan varme frå sol eller luft få nysnøentil å danne eit flak i løpet av kort tid! Og ein kan få til dels storeflakskred med brot i overgangen mellom nysnøen og den gamle smelteomvandlasnøen.

Spørsmål2 – er eg så nær bratt terreng at eit skred kan nå meg?

Skred som startar i bratt terreng vil pågrunn av masse og fart kunne nå eit stykke ut i slakare terreng eller ut idalane. Generelt bør du difor unngå å ferdast nær inntil bratte fjellsidereller renneformasjonar (utløpsområder). Kjenner du igjen skredbaner som renner,gjel, eller opningar i skogen så kryss desse ein og ein og unngå unødige stopp.Dess seinare ein går på dagen dess meir vil sol og varme auke sjansen for ateit skred skal starte.

Vis og aktsemd om det no skulle bli eirask temperaturstigning (første fineværsdag) eller regnvær. Dette gjeld ikkjeberre for snøskred men og stein og is som kan smelte lause av sol og varme.

Dersom ein kan svare nei på spørsmål 1 og2 så kan ein ferdast trygt! Nyte turopplevinga, været og nistepakken til seinekvelden!

- Vurder grundig

Sjølvom vi denne påska har oppskrift på skred – så betyr ikkje det at ein ikkje børgå på topptur, men vurdere litt grundigare kvar turen skal gå!

Det beste rådet for denne påska er å veljetoppturar i mindre bratt terreng og der ruta ikkje er nær nok brattheng til ateit skred kan nå deg. Gjer spesielt gode vurderingar om du skal ferdast iterreng over 30 grader eller i områder som har eksponering frårenneformasjonar. Dei høgaste og brattaste toppane kan med fordel vente tilnysnøen no har blitt heilt gjennomvåt av varme eller regn.

Gjergode vegval og ha alltid med ein ”skikompis” som du kan diskutere vegval ogforholda med! Og ferdast ein i bratta så ha med spade, søkestang og gjernesendar/mottakar.

Påska og våren er turtid

Brytninga mellom dei kvite toppane og medgrøne dalar nede ved sjøen er ei oppleving. Nokre populære turar som til dømestil Kolåstinden går mellom anna over snødekt bre. I så fall bør ein ha kunnskapom gode vegval på bre og ha med og kunne nytte tau til eventuell enkel redning.

Eit godt råd for skiturar utover våren erå starte tidleg på morgonen! Det er lettare å finne parkering, snøen er betre ågå på, og det er mindre sjanse for skred om du kjem ned før varmen frå sol ogluft smeltar for mykje på snøen.

Prøv å kome heim til byen/bygda påformiddagen før klokka er eitt- to, då sola er på det varmaste, og nyt einfortent soft is på bryggekanten. Det er mykje igjen av dagen og ein kanplanlegge ein betre middag – kanskje lage bål eller grille på eit av dei flottefriluftsområda som Friluftsrådet har ved sjøen?