Vi håper den nye sida gir deg som lesar ei betre og meir oversiktleg oppleving. Den nye sida er også betre tilpassa lesarar på mobil.
Den største oppgraderinga er likevel under panseret. Den nye sida gir mykje støre moglegheiter til å gjere spesielle tilpassingar, særleg på framsida. Dette kjem vi til å ta i bruk etter kvart.
Det viktigaste er likevel uendra: vi kjem til å halde fram med å gi deg oppdaterte nyheiter frå lokalsamfunnet, sju dagar i veka.
PS: Det er framleis nokre barnesjukdommar og småfeil på den nye sida. Desse håper vi å få retta så raskt som mogleg.
Kom gjerne med tilbakemeldingar og ønske for morenytt.no. Bruk kommentarfeltet under, eller send e-post til redaksjon@morenytt.no.