Vinden tok godt tak fleire stader natt til tysdag. I Hovdebygda vart det eine teltet til Møbelringen flytta mange meter i eit vindkast. Ifølgje Yr er det meldt lett bris i morgontimane tysdag, og vinden vil ta seg opp til frisk bris utover dagen og kvelden.