Det skriv Roald Espset (Frp) i eit grunngjeve spørsmål til ordførar Jørgen Amdam i Volda.

Espset fortel at dei har registrert at Møre og Romsdal fylkeskommune i sin økonomiplan 2018–2021 vil legge ned den offentlege tannhelsetenesta sitt stadlege tilbod lokalisert i Volda sentrum, og samlokalisere dette i Ørsta.

Espset er uroa for at dette særleg vil råke born og unge, også frå Hornindal, som skal verte ein del av Volda kommune frå 2020. Espset spør difor ordføraren om kva som kan gjerast for å halde oppe tilbodet i Volda.

Jørgen Amdam svarar at han er samd i at ei flytting vil føre til auka ulemper for brukarane i Volda, og at han difor vil ta kontakt med fylkeskommunen ved fylkesordføraren og be om at Volda kommune og dei store utdanningsinstitusjonane i Volda får høve til å uttale seg om saka før endeleg vedtak. Amdam seier at han tvilar på at det er gjort ei grundig konsekvensutgreiing i saka, noko fylkeskommunen er pålagde å gjere i ei slik sak.