Tysdag 2. januar hadde den nye felles helsestasjonen sin første opningsdag.

– Vi har hatt felles helsestasjon for ungdom for Volda og Ørsta dei siste åra, i tillegg til eigen helsestasjon for studentar. No er alt slått saman til ein helsestasjon. Det har vore eit mål gjennom fleire år, og vi har tenkt tanken at når nye Øyra skule vart bygd så kunne vi få plass til å slå det saman, seier Anne Skrede som er leiar for helsestasjonen i Volda.

Tidlegare har helsestasjonen for ungdom vore lokalisert ved helsestasjonen i Volda, medan helsestasjon for studentar har halde til i lokala til studentsamskipnaden. Den nye helsestasjonen er lokalisert ved Øyra skule, og det vert offisiell opning i slutten av januar.

– No har fått to nye kontor og eit venterom, og eit nytt tilbod er no starta opp. Dette gjeld for ungdom både i Volda og Ørsta, og for studentane.

Helsestasjonane har tidlegare hatt ope ein dag i veka, men med samanslåinga vert det ope to dagar i veka.

– Tilbodet vert utvida til å gjelde to ettermiddagar i veka, og det er ope tysdagar og torsdagar mellom 14.00 og 16.30.

På torsdagane vil to helsesøstrer vere til stades ved helsestasjonen, og tysdagane vil lege i tillegg til helsesøster vere til stades.

– Nokre tenkjer nok at det blir vanskelegare for ungdomane i Ørsta å finne vegen hit opp enn til Volda helsestasjon, men det blir berre opp ein bakke i staden for bort ein veg. Det vil og vere mogleg å ta buss til studentsamskipnaden og spasere til Øyra skule.

Tilbodet med helsestasjon har vore populært. Helsestasjonen for studentar har hatt rundt 430 besøk i året, og helsestasjon for ungdom har hatt rundt ti besøkjande kvar opningsdag.

– Bruken av helsestasjon for ungdom har og vore aukande, seier helsesøster Lisbeth Totland.

Tilbodet med helsestasjon gjeld for ungdomsskuleelevane og for studentar opp til 25 år.

– No er vi på plass i eigne lokale og vi kan dermed legge til rette betre enn tidlegare. Vi blir fleire fagpersonar saman og det vil gje eit betre tilbod. Mykje av det vi kan hjelpe til med er knytt til seksuell helse. Ved spørsmål knytt til psykisk helse vil vi hjelpe dei som kjem til oss vidare i systemet.