Lilli Bendriss (71) mimrar tilbake til barne- og ungdomsåra heime på Sunnmøre. Ho er oppvaksen på Hareid, men far Einar Sporstøl var ørsting, og hytta på Sporstøylen var hyppig besøkt i oppveksten.

– Vi hadde ikkje bil då eg var lita. Eg hugsar då eg var fire eller fem år, og vi sykla frå Hareid til Ørsta – med oss ungane bak på bagasjebrettet. Eg fattar ikkje korleis det gjekk bra, ler Bendriss.

I dag bur ho i Oslo, der ho jobbar som medium. Ho er kjent frå fjernsynsproduksjonar som «Fornemmelse for mord» og «Åndenes Makt». Ho er kursutviklar, forfattar og seier også at ho er ekspert til å guide menneske.

No kjem ho til Ørsta med kurset «Bevissthetsskiftet».

Ei veldig oppleving

Bendriss snakkar om åndeverda som andre snakkar om mjølk i kaffien. Det er for henne ein naturleg del av kvardagen, men som med mjølk i kaffien: Enten vil du ha det, eller så let du vere. For Bendriss var det aldri eit val, men det var først i vaksen alder at ho oppdaga at ho såg og opplevde ting som «mannen i gata» ikkje gjorde.

– Som barn drøymde eg om ting som skulle skje, utan at eg la spesielt vekt på det då. Eg tenkte berre at det var litt forunderleg og rart. Bestemor Laura frå Brandal såg også ting som andre ikkje såg. Så det ligg nok i familien. Og i mi travle ungdoms- og vaksentid var andre verder, det siste eg hadde tid til å tenke på. Men eg hadde ei veldig oppleving då eg var 42 år.

Såg evnene

Bendriss fortel at ho var utbrent og at ho gjekk til behandling hos akupunktør.

– På mi første behandling såg han potensialet mitt og evna min til å heale. Han sa at evna var veldig sterk, men at den var blokkert. Han meinte det var difor eg hadde vorte så sjuk, fordi den krafta som låg inne i meg ikkje fekk strøyme ut.

Utan å seie noko til Bendriss, tok akupunktøren tak for å opne henne opp.

– På mi siste behandling sette han ei spesiell nål som opna opp mellom himmel og jord. Eg visste ingenting. Så small det.

Same dag skulle Bendriss ta til på eit sjølvutviklingskurs. Ho skildrar det som ei veldig kraft som openberra seg for henne.

– Krafta var så veldig at det ikkje er snakk om at eg har innbilt meg noko. Denne opplevinga gjorde at eg måtte revurdere livet mitt.

Byrja med healing

Ho starta i det stille, og byrja å behandle folk. Tilbydde healing, og fortel at menneska ho møtte opplevde gode resultat.

– Så byrja eg å få indre bilde av dei eg heala. Slik var det at klarsynet og det å vere eit medium starta. Men framleis var det stille og forsiktig. Eg hadde faktisk også ein god del klientar i Volda på den tida, så eg var mykje i området, fortel ho.

Samstundes hadde ho eit nystarta firma innan design som ho var dagleg leiar for. Så ringde telefonen, og ho fekk spørsmål om å vere med i serien «Fornemmelse for mord».

– Eg sa nølande ja. Og så small det på nytt. Plutseleg var eg eit kjent andlet, og tilboda stod i kø. Eg vart nøydd til å overlate firmaet mitt i andre hender, og eg gjekk fullt inn for dette. Eg tok eit val, og det valet har endra livet mitt.

Bendriss fortel at ho har ein av- og påknapp.

– Eg går ikkje rundt på jorda og tek inn alle energiane heile tida. Det hadde ikkje vore leveleg. Eg bestemmer sjølv når eg skal vere påkopla. Det er ein merkeleg mekanisme.

No står Ørsta igjen for tur for Lilli Bendriss. Direktør for Hotell Ivar Aasen, Diana Moldskred, og Lilli Bendriss er gamle kjende frå tida Moldskred sjølv budde i Oslo. Kurset har fått namnet «Bevissthetsskiftet», og går over tre dagar, frå 9.–11. februar.

– Her kan alle kome. Det einaste som er kravet er at folk stiller med eit ope sinn og at dei er nysgjerrige. Det er stort sannsyn for at dei som deltek får oppleve ting som ikkje alltid er like lett å forklare, seier Bendriss.

Kjem «heim»

Turane til Ørsta har vorte sjeldnare etter som åra har gått. Ho har ikkje lenger nære slektningar i bygda, men ho har vener i Volda, så når tida strekk til, vert det sunnmørstur. No er det fem år sidan sist. Difor gler ho seg no ekstra til å kome «heim».

– På kurset skal vi gjere ulike øvingar og utforske litt dette som ligg mellom himmel og jord. Det er eit spirituelt kurs.

I kursskildringa står det: «Vår stjernebevissthet har aldri forlatt oss. I liv etter liv har vi sett opp mot himmelen og lengtet etter noe vi ikke helt har forstått i møte med de skinnende stjernene. (...) Bevisstgjørende øvelser vil hjelpe deg å forstå. Vi aktiverer vår stjernetilhørighet og reiser både bak og fremover i tid. (...) Det blir bygget opp en meget sterk energi. Det å kunne gå forbi illusjonene og egoet og gjennom hjertets stemme vil gjøre deg lydhør for din egen sjelesang.»

Bendriss skal også vere konferansier under vinterfesten til MixMasters and the Voices laurdagskvelden.

– Det vert veldig festleg. Eg ser fram til ei heidundrande helg med mykje latter!