Natt til torsdag vart ein mann i 20-åra arrestert i Volda. Rett ved sida av han var det ei knust rute, og mannen blødde frå eine hand. Overfor politiet erkjente han seg skyldig i ruteknusinga, og saka vert meldt.
Onsdag ettermiddag stoppa politiet ein bil i Ørsta. Ein mann i 30-åra vert meldt for køyring utan gyldig førarkort.