Men stolen var han ikkje: ved ei mistyding hadde ein tilsett ved Møre Folkehøgskule henta det han trudde var folkehøgskulen sin båt der han låg i hamna på Rjåneset. Skulen har ein liknande båt i same hamna. Nils Trovåg forsikrar:

– Eg er slett ikkje sur på skulen for at dei tok båten min!

Rjåneset

Laurdag skreiv Møre-Nytt om det Nils Trovåg trudde var eit tjuveri av plastbåten sin som har fast hamneplass på Rjåneset. Saka skapte engasjement, og i helga hagla det inn med meldingar og telefonar til båteigaren frå engasjerte sambygdingar som hadde innspel om kven tjuvane kunne vere – og frå folk som ville ta med den ivrige hobbyfiskaren Nils og «eleven», gamleprest Matis Austrheim, på fisketur.

Då rektor på folkehøgskulen i Ørsta, May Kristin Bolli, las saka på Møre-Nytt si nettside og ei statusoppdatering frå Matias Austrheim, fekk ho ein sterk intuisjon om at båten som var meld sakna stod ved skulen, nypolert og stelt, under ein grøn presenning. Rektoren kjende til at skulen sin båt, som vert nytta i undervisingssamanheng, i førre veke skulle vorte henta frå hamna på Rjåneset på høglys dag, og etter nøyare undersøkingar kunne Bolli konstatere at, nei, det var slett ikkje skulen sin båt vedkomande hadde henta i beste meining. Derimot var det Nils Trovåg sin sakna båt skulen hadde plukka opp. Bolli legg seg langflat.

– Dette beklagar vi på det sterkaste, vi er frykteleg lei oss! Forsikrar folkehøgskulerektoren.

Det gjekk kort tid frå Bolli kontakta båteigar Nils Trovåg laurdag kveld til hobbyfiskaren hadde identifisert båten. I svartaste haustmørkret la han handa på ripa og kjende med ein gong att spora etter fiskekrokar som båteigaren har laga etter ei rekkje fisketurar. Ikkje berre det: Nils kjende også att både kleppane og bøtta som vert nytta i nødstilfelle når blæra er full, og det er for langt til land. Motoren hadde skulen sin tilsett lagra forsvarleg innandørs. Og den vesle båten har neppe vore så velstelt som no.

Oppklaringa kring den sakna båten kom i grevens tid, for i går, måndag, hadde Nils Trovåg gjort avtale om kjøp av ny båt og motor. Salsavtalen låg klar, berre signaturen mangla. Men no slepp altså Nils å kjøpe ny båt. Og no er snart båten komen ut att på Rjåneset for nye fisketurar. Nils sin «elev», Matias Austrheim, er også svært tilfreds.

Deppa

– Eg var deppa etter at eg høyrde om «tjuveriet», og såg føre meg at den nye frysaren min skulle verte ståande tom for fisk framover. Men no kan eg nok snart invitere slekta på seibiff med lauk att, seier ein oppglødd gamleprest, kjent for å vere i Hellstrøm-klasse, ja, kanskje over, over denne spesialiteten henta frå «hølen» ved Raudøya.

No vurderer gamlepresten å leggje om preiketeksten dei gongane han skal vikariere i kyrkja.

– No skal eg ikkje berre preike om den bortkomne sauen, no skal eg også ta føre meg den bortkomne båten som vart attfunnen, humrar Austrheim på skjemt.

<strong>Ikkje stolen:</strong> På ein hengar ved folkehøgskulen vart Nils Trovåg sin båt plassert etter at han vart henta på Rjåneset ved ei mistyding. Skulen sin båt ligg framleis i hamna.
<strong>Glede:</strong> Nils Trovåg fekk laurdag att båten sin. Folkehøgskulen hadde henta han på Rjåneset ved ei mistyding. Matias Austrheim er glad for at det vert fleire fisketurar som «elev» saman med båteigar Trovåg. Rektor May Kristin Bolli, rektor på folkehøgskulen beklagar sterkt at skulen henta båten frå Rjåneset.