Midt mellom gravsteinane på kyrkjegarden i Ørsta finn vi ein mann med oransje hettejakke, eit snøtrekt kvitskjegg og ein snøfres. Det er kyrkjetenar Aslak Solbjørg, som stadfestar at han er særs nøgd med måndagen.
– Endeleg kom snøen eg har ønska meg frå oven! Det har vore altfor lite kvitt i vinter, men no er tida inne, seier han, og erkjenner at det sikkert ikkje er alle som er like glad i snø som han.
Med fresen i hand, tek han jobben med å måke heile kyrkjegarden åleine. Solbjørg dreg berre eit einaste stort smileband over heile andletet.
– Dette er kos. No nyttar eg berre ekstra god tid på oppgåva. Gjerne eit par timar, seier han, og fresar nøgd vidare.
Det har vore store snømengder dei sister døgera. Frå feire stader i Ørsta vert det meldt over ein halvmeter nysnø i låglandet.