Det seier Ferjelista sin toppkandidat Odd A. Folkestad, som i laupet av den siste veka har sett at debatten kring bompengeløysinga i Volda verkeleg fått vatn på mølla.

Førre torsdag kunne ein nemleg lese at avtroppande ordførar Ragnhild Aarflot Kalland skulda Jon Georg Dale og FrP for å hindre utviklinga i kommunen ved å utelukke lokal bompengefinansiering av den nye Volda-tunnelen frå Rotset til Furene.

Saka:

Kritikken har ikkje falle i god Volda-jord hos den komande maktkoalisjonen i KrF, Høgre, FrP, Venstre og Ferjelista.

Dårleg gjort

Folkestad meiner nemleg det er dårleg gjort av Kalland å rette verbalt skyts mot etterfølgjarane sine i den nye fleirtalskonstellasjonen.

– Den avtroppande ordføraren i Volda må vere klar over at ho ikkje berre råkar Jon Georg Dale og FrP med det ho seier, men heile fleirtalskonstellasjonen som utgjer 18 av 27 representantar i kommunestyret, seier Folkestad.

Han minner om at dei nyvalde står overfor ei formidabel oppgåve, særleg når det kjem til dei aukande trafikkproblema.

Folkestad seier likevel han har urokkeleg tru på at dei skal klare å føre Volda ut av uføret, men at dei då treng støtte, og ikkje kritikk allereie før dei har byrja jobben.

– I staden for å gje oss ei breiside, burde Kalland heller ha ynskja oss lukke til, seier han.

– Ikkje fått til noko

I ljos av kva som har vore gjort – eller rettare sagt ikkje har vore gjort i dei åtte åra Kalland har hatt ordførarklubba i handa, føler Folkestad at ho bør feie for eiga dør før ho skuldar andre for å rote.

– Sidan januar 2000 har politikarane i Volda visst at det skulle kome eit nytt regionsamband austover mellom Nordfjord og bygda vår. Likevel har vi ikkje fått eit einaste vedtak som fortel korleis ein eventuell tilleggstrafikk skal ta seg fram igjennom Volda. Det er for dårleg at ein enno ikkje har løyst problemet, seier han.

Dersom det skulle vere slik at ein satsar på statleg finansiering, slit Folkestad med å skjønne kvifor ein ikkje har gjort ein innsats for å få inn prosjektet i den komande Nasjonale transportplanen (NTP), som vert revidert kvart fjerde år.

– I tillegg kjem det snart ein dag der Volda må velje om dei skal støtte Hafast eller Fefast. Dette er ting Kalland ikkje har tenkt på eingong, seier Folkestad.

Intern uro

Ferjelista sin fyrstekandidat avsluttar med å seie at Kalland burde sjå på eigen situasjon, og fokusere på å rette opp den interne uroa i eige parti.

Fyrstnemnde trur Senterpartiet no har mist  mange trufaste veljarar, og viser til dømes til si eiga liste som er nystarta, og som fekk to mandat inn i kommunestyret.

– Det er trass alt nytt val om fire år. Eg ynskjer ikkje å strø salt i dei såra som Aarflot Kalland no må ha, men eit politisk uetisk åtak på ein koalisjonspartnar i Volda, er eit åtak på heile koalisjonen. Her er det taparen som angrip vinnaren på ein uetisk måte, og det er berre trist, avsluttar Folkestad