Det er god geografisk spreiing i det nye kommunestyret. Dei fleste områda av kommunen er representerte. På den andre sida er det lenge sidan Hjørundfjorden berre hadde tre representantar i kommunestyret.

Vartdalsstranda er inne med seks representantar og Hjørundfjorden altså tre. Vidare er fjorten lokaliserte til Ørsta sentrum, to i Hovdebygda og ein i Liadal. Dalane er godt representert med sju representantar.

Kvinnerepresentasjonen i det nye kommunestyret er låg. 12 av 33 representantar er kvinner, og det vil seie at 36 prosent av det nye kommunestyret er kvinner. Det vert likevel spennande under konstitueringa, for det er krav om førti prosent representasjon av kvart kjønn i kommunale råd og utval. Det vil seie at dei kvinnene som er valde inn i fleirtalskonstellasjonen må bu seg på å få tildelt verv i både formannskapet og utvala.

Den yngste i kommunestyret er Hanne Stokke hos Arbeidarpartiet. Ho er fyrstegongsveljar og atten år. Eldst er Pål Heggestad med sine 69 år.