- Vi har nådd ein milepåle i prosjektet. At strekninga mellom Ørskog og Ørsta er i drift, er eit viktig steg på vegen mot fullføring av heile prosjektet ned til Sogndal, seier konserndirektør for bygg og anlegg i Statnett, Elisabeth Vike Vardheim.

Selskapet opplyser i ei pressemelding at den nye 420 kV-linja vart sett i drift mellom Ørskog og Ørsta denne veka. Dermed er det slutt på avgrensingane i sentralnettet frå Ørsta transformatorstasjon til Ørskog.

Utfordrande

Strekninga mellom Ørskog og Sykkylven vart sett i drift allereie i mai i fjor. I desember 2014 vart strekninga mellom Sykkylven og Ørsta transformatorstasjon på Hovdenakken ferdigstilt.

– Det har tidvis vore utfordrande å byggje nytt nett samtidig som vi skal halde opp ei god straumforsyning. Dette gjeld særleg for Sunnmøre, men i samarbeid med dei regionale nettselskapa og kraftprodusentane har vi klart å forsyne området med straum og fått straumen raskt tilbake ved feil som har oppstått, seier Vardheim.

Rivinga startar no

Vi må likevel vente til heile linja er fullført, før forsyningstryggleiken til Sunnmøre og områda lenger nord blir normalisert.

Rivinga av den gamle 132 kV-linja startar i månadsskiftet januar/februar, og blir utført av selskapet Hallingmast. Dette arbeidet skal vere ferdig i løpet av året.

Den nye 420 kV-linja blir bygt for å gi auka forsyningstryggleik, og for å legge til rette for planlagt fornybar energiproduksjon.

Lenger sør har arbeidet med kraftlinja vorte forseinka på grunn av ein konflikt mellom grunneigarane og Statnett i Myklebustdalen i Bremanger. Før jul vart arbeidet stansa, men no har namsmannen gitt Statnett tilgang til området att. Likevel er ikkje situasjonen heilt avklart.

Nøgd: Konserndirektør for bygg og anlegg i Statnett, Elisabeth Vike Vardheim, er nøgd med at delar av 420 kV-linja no er fullført.