I statsbudsjettet for 2015 er det sett av midlar til planlegging av E39 Ørstafjordkryssinga. Det går fram av forslaget til budsjett for samferdselsdepartementet.

Varaordførar og styreleiar i Fefast, Paul Kristian Hovden, er svært glad.

– Eg hadde vorte vonbroten viss det ikkje hadde vore med planleggingsmidlar i dette statsbudsjettet, for Ørstafjordkryssinga må sjåast i ein heilskap, og er viktig av to årsaker.

– Det eine er at kryssinga er avgjerande for at vi får fekk den tunge trafikken mellom Flyplasskrysset og Ørsta sentrum. Det årlege talet på ulykker seier sitt om den strekninga. Det andre er at kryssinga er heilt naturleg for å løyse framtidas ferjefrie E39, også om det heiter Hafast, seier Hovden.

Han er svært klar på at det ikkje må verte ei sovepute at planleggingsmidlane no er sikra.

To alternativ

– No startar eit arbeid for Ørsta kommune, både politisk og administrativt for å halde denne saka varm. Det skal til dømes veljast ein trase, der vi har to alternativ. Eg vil ikkje seie for mykje, men trur dei lange tunnelane si tid er forbi, seier Hovden.

Som styreleiar i Fefast AS vil han ta tak i saka.

– Vi har eit mandat om også å arbeide for betre vegsamband frå Furene til Festøya. Då høyrer sjølvsagt Ørstafjordkryssinga med i dette mandatet, seier Hovden.