Nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser kor mange personar frå Ørsta og Volda i alderen 19 til 30 år som for tida studerer på høgskule eller universitet ein eller annan stad ute i den store verda. Tala er målbare per kommune, då det er personen sin bustad ved 16 år som er utgangspunktet for statistikken. Altså ikkje dei som flyttar til Volda for å studere.

Studentar frå Volda

Tabellane frå SSB er frå hausten i fjor, og viser at det er 854 personar opphavlege frå Ørsta og Volda som har teke fatt på høy utdanning på Høgskolen i Oslo, ved Universitetet i Tromsø eller i USA. Eller eigentleg kvar som helst – også i sin eigen kommune om det finst moglegheiter der.

Det er sjølvsagt også folk over tretti år som tek høg utdanning. Dei er naturleg nok i mindretal, og det er altså berre folk mellom 19 og 30 år som er talde opp i denne statistikken.

Tala har vi så målt opp mot alle dei i same aldersgruppe som ikkje studerer, noko som gjer at vi kan kåre Bærum til den største studentkommunen i Noreg. Her er over 39 prosent av dei aktuelle personane i ferd med å ta høg utdanning.

Delen i Volda

Dei 426 studentane frå Volda utgjer på sitt side heile 30,3 prosent av dei 1.407 mellom 19 og 30 år som kjem herifrå. Den delen må seiast å vere ganske høy. Snittet i Noreg er nemleg på 23 prosent. Med Bærum på toppen av landsoversikta, finn vi Volda på 16. plass blant Noreg sine 428 kommunar.

Ørsta

I Ørsta kommune er det 428 personar i denne aldersgruppa som studerer, noko som gir ein del på 24,6 prosent her.

Den kommunen i Møre og Romsdal som kjem best ut, er Ulstein. Delen her er på 30,8 prosent.

Unn-Doris K. Bæck er professor ved Institutt for lærarutdanning og pedagogikk. Ho seier at der er fleire mekanismar som ligg bak dei geografiske forskjellane i rekruttering til høgare utdanning.

– Kommunane si plassering i forhold til høgskular og universitet har noko å seie. Nærleik til utdanningsinstitusjonar gjer det lettare for å ta høgare utdanning, seier ho.

– Den politiske avgjerda om geografisk spreiing i etablering av høgare undervisningsinstitusjonar bygde jo akkurat på ein slik føresetnad.

Ho viser også til at arbeidsmarknaden lokalt eller regionalt vil spele inn.

– Om ein held seg til ein lokal arbeidsmarknad med mindre kunnskapsintensive næringar, og ein ser for seg at ein ønskjer å bu på staden også som vaksen, vil høgare utdanning vere ein mindre sannsynleg veg å gå.

Flest kvinner

Det er ei klar overvekt av kvinner blant dei som vel høgare utdanning. På landsbasis ser vi at 27,5 prosent av kvinnene i denne aldersgruppa har teke fatt på det lange utdanningsløpet, mens delen blant mennene «berre» er på 18,8 prosent.

I Volda er det heile 38 prosent av kvinnene som har teke fatt på utdanninga, mens 22,7 prosent av mennene har gjort det. Så her er slagsida enda større enn normalt.

Tilsvarande ser vi at Ørsta opererer med ein del på 30 prosent hjå kvinnene og 20 prosent blant mennene.

– Det er også viktig å ta høgd for geografiske forskjellar med omsyn til befolkninga si sosioøkonomiske samansetjing, minner Bæck om.