Widerøe vil frå og med november setje opp ein ny rundtur Bergen–Hovden t/r på tysdagar og onsdagar.

Den nye ruta vil få avgang frå Bergen 0745, direkte til Hovden og retur frå Hovden klokka 0845. Dette er trafikksterke dagar med mannskapsbyte både innan offshorenæringa og fiskerinæringa.

Trafikktala

Tala frå Widerøes Flyveselskap syner at det har vore ein stabil september for Ørsta- Volda lufthamn, Hovden.

Tala syner at det i september var 10.978 passasjerar som reiste til og frå flyplassen. Det er 32 færre enn i same månad i fjor, og altså ein nedgang på 0,3 prosent.

Tala frå Widerøe syner ein svært høg beleggsprosent. I september i fjor var det 55,6 passasjerar per fly in og ut frå Hovden. I september i år var talet 52 passasjerar. Det vil seie ein beleggsprosent på 66,6.

Ingen andre flyplassar har eit så høgt snittal per fly ut/inn som Hovden.

Avinor, som også offentleggjer trafikktal, har litt andre tal enn Widerøe. Avinor opererer med 10.883 passasjerar til og frå Hovden i september, og ein nedgang på ein prosent. Ifølgje Avinor var Hovden den nest største kortbaneflyplassen målt i passasjertal i september.