Russiske importrestriksjonar på Snøfrisk-osten frå Ørsta vil ikkje få følgjer for Ørsta-meieriet.

– Til det er den delen av produksjonen ved Ørsta-meieriet som går til eksport til Russland for marginal, seier kommunikasjonsrådgjevar Sverre Stenseng hos Tine.

Det skapte rabalder då Dagbladet onsdag kom med nyhenda om at Putin skaper Snøfrisk-krise for Ørsta-meieriet.

– Oppslaget er heilt feil. Det skaper ingen krise, og det skaper ingen negative følgjer for dei tilsette, seier Stenseng.

– Ingen effekt

For Tine sin del, er importrestriksjonane isolert sett udramatiske.

– Det vil ikkje ha nokon effekt for produksjonen på nokon anlegg, og då heller ikkje i Ørsta, seier Stenseng.

Den totale osteeksporten Tine hadde til Russland i 2013 var 600 tonn. Av dette var 180 tonn Snøfrisk frå Ørsta.

– Ørsta-anlegget produserer 22.500 tonn ost årleg. Då vert 180 tonn ikkje ein prosent av produksjonen ein gong. Det fortel at dei tilsette ikkje skal vere urolege, seier Stenseng.

Snøfrisk-produksjonen i Ørsta er viktig, men i volum utgjer produksjonen av fast kvitost og brunost den største delen av produksjonen.

Ørsta-meieriet er av Tine definert som eit spesialysteri for produksjon av m.a. nisjeprodukt, og Ørsta-meieriet er av dei meieria som har flest produkt i sortimentet.

For Tine totalt, utgjer eksporten til Russland fem prosent av det Tine totalt sender til utlandet. Og uansett er produksjonen for innanlandsk konsum vesentleg mykje større enn eksporten.