Det er for få elevar til å oppretthalde linjene på begge skulane, så fylkeskommunen har bestemt at ei av dei skal fjernast. Lokalt har Bygg- og anleggsgruppa i Ørsta og Volda engasjert seg for å behalde tilbodet i Ørsta, og har arbeidd opp mot næringslivet for å skaffe fleire læreplassar og styrkje samarbeidet med skulen.

Tidlegare i vår var det snakk om at VG2 byggteknikk kunne forsvinne frå Ørsta vg. skule. Utdanningsutvalmedlem Ingrid Opedal (SV) og næringssjef Odd Magne Vinjevoll tok då turen til Molde for å argumentere mot nedlegging. Samstundes arbeidde byggnæringa med Einar Holsvik som talsmann med å skaffe garantiar for læreplassar ute hos bedriftene.

Dette arbeidet vart lagt merke til, og linja vart redda. No ser det ut til at det intensiverte arbeidet frå både politisk og næringslivmessig hald har ført til at Ørsta går sigrande ut av lokaliseringsspørsmålet.

Om tilrådinga vert vedteken, betyr det at Ørsta vidaregåande skule kan få fleire elevar og klasser frå neste skuleår.

Kompetansesentrum

Leiar Einar Holsvik i BA-gruppa Ørsta/Volda er letta over at Ørsta får behalde linja.

– Det skulle gjerne vore slik at ein fekk behalde linja i Herøy også, men når søkjargrunnlaget er slik som det er, må ein berre kjempe for sitt, seier Holsvik. Med 60 medlemsbedrifter i ryggen, ser han det som naturleg at utdanninga vert liggjande der arbeidsmarknaden er størst. – Vi har den mest tradisjonsrike skulen med størst kompetanse innan desse linjene, og det største fagmiljøet innan bygg- og anlegg på Søre Sunnmøre ligg i Ørsta/Volda, seier han.

Den samla omsetnaden for dei 60 medlemsbedriftene var i fjor 1,4 milliardar kroner.

– Dette syner at næringa med adresse Ørsta/Volda har stor innverknad på framtidig arbeidskraft, og det er her tyngda og behovet for arbeidskrafta ligg.

– Må tenkje nytt

Dagleg leiar Odd Magne Vinjevoll på Ørsta næringskontor ser positivt på at Ørsta får behalde og styrka byggfaglinjene, og minner om at lokaliseringsspørsmålet kan gjelde fleire linjer.

– Vi må finne ut kva som er styrken i Ørsta. Det er til dømes bygg- og anlegg, men her er også andre styrkjer i næringslivet. Det må speglast att i kva vi utdannar folk til. Får elevane utdanning i Ørsta, og får arbeid i Ørsta, då står vi utruleg sterkt overfor fylket når det gjeld kva utdanningstilbod vi skal ha her. Noko eg tenkjer på er turisme. Det skal trappast ned i Ålesund. Her ligg vi midt i kjerneområdet. Vi må vere opne for å tenkje nytt, og byggje opp skulen etter slik næringslivet og samfunnet endrar seg. Då vert han attraktiv, meiner Vinjevoll.

Godt samarbeid

Både Vinjevoll og Holsvik poengterer at det er eit veldig godt samarbeid mellom Ørsta vidaregåande skule og byggenæringa i Ørsta og Volda.

– Det er nokre veldig gode og motiverte lærarar på Ørsta vidaregåande skule. Dei er verkeleg engasjerte, noko som sender signal ut til næringslivet. Det gir eit godt samarbeid, noko som er gull verd.