Møre-Nytt hadde eit fall i opplaget i 2013 på 314 eksemplar, viser tala frå Mediebedriftenes landsforbund (MBL). Møre-Nytt hadde eit godkjent opplag på 5.214 i 2013, og er med det framleis den fjerde største avisa i fylket.

– Vi er sjølvsagt ikkje nøgde med ein opplagsnedgang, og no har denne også nådd lokalavisene for alvor. Det fortel om ei stor endring i folk sine lesevanar, for samstundes som papiropplaget fell, aukar tala for dei digitale plattformane, særleg mobil, seier redaktør Rune Sæbønes i Møre-Nytt.

Han understrekar at Møre-Nytt tek grep for å møte den nye mediekvardagen.

– Vi har nyleg modernisert papirutgåva med ei meir moderne og ryddig formgjeving, og rundt årsskiftet kom mediehuset med ei ny e-avis som det har vore god respons på. Her tilbyr vi no ei ny digital pakke med e-avisa og nettavisa, seier Sæbønes.

Tala for 2013 syner altså ein opplagsnedgang på 314 eksemplar for Møre-Nytt. Slik er opplagsutviklinga for andre aviser på Sunnmøre og i Nordfjord: Sunnmørsposten 27.460 (-1.793), Møre 3.449 (-129), Vikebladet/Vestposten 4.119 (- 194), Vestlandsnytt 4.884 (-156), Synste Møre 2.203 (-99), Fjordingen 3.979 (-141), Fjordenes Tidende (- 242) og Fjordabladet 2.626 (-71).

Møre-Nytt sin redaksjonelle årsrapport kan du lese her.