– Det er ikkje aktuelt med reforhandlingar av avtalen, stadfestar konserndirektør i Tussa, Elling Dybdal.

Dermed vil det einaste alternativet vere at dei to nettselskapa held fram kvar for seg, dersom ikkje Ålesund snur.

Skal informere bystyret

Det var formannskapet i Ålesund som førre veke sa nei til avtalen. Dei vil ha ny forhandling, grunngjeve med mellom anna at dei ikkje likar at leiinga og entreprenørdivisjonen vert flytta frå Ålesund til Ørsta. Dei er også misnøgde med at Tafjord sine kundar vil få ei dyrare nettleige som følgje av samanslåinga med Tussa. Dei ønskjer difor ei reforhandling, noko både Tussa og Tafjord seier nei til.

Ålesund kommune eig over 50 prosent av aksjane i Tafjord, og dersom bystyret også seier nei 12. desember, vil det i praksis bety at heile fusjonen har falle saman.

Tafjord Kraft sin konserndirektør, Erik Espeset, er invitert til bystyret for å informere om planane. Elling Dybdal satsar på at dette vil hjelpe.

– Eg har tru på dette prosjektet fordi det er eit godt prosjekt, heilt i samsvar med føringar og signal frå sentrale styresmakter. No ventar vi i spenning fram mot 12. desember når saka skal opp i bystyret.

Eit robust selskap

Dybdal seier at Tussa sitt forsyningsområde er litt dyrare å drive enn Tafjord sitt, og at dette vil vere med på å presse prisane på nettleiga opp, på kort sikt.

– Vi har ikkje hatt fokus på nettleiga i denne prosessen. Vi har heilt andre motivasjonar for å slå oss saman. Dyrare nettleige er ein konsekvens av det som er fornuftig å gjere, og på sikt vil denne fusjonen også legge til rette for ei rimelegare nettleige, trur Dybdal.

Både Tussa og Tafjord uttalar at dei uansett vil måtte auke tariffane framover, uavhengig av fusjonen, for å sikre at nettet er i stand til å ta i mot krafta frå mellom anna den nye linja mellom Ørskog og Fardal.

Dybdal seier at motivasjonen har vore at eit samanslått nettselskap vil gi eit meir robust fagmiljø for dei som jobbar der, og at det også vil bety eit meir solid og robust selskap for kundane i form av ei sikrare kraftforsyning og større beredskap dersom noko skulle skje.

Når kommunane har sagt sitt er det lagt opp til generalforsamling og endeleg vedtak om fusjon 20. desember.