Initiativet til å sende inn søknaden kom i samband med debatten om skulenedlegging på Vartdal i fjor haust. Det var mellom anna då snakk om å avvikle ungdomssteget på skulen.

Søknaden fekk avslag frå Utdanningsdirektoratet, mellom anna grunngjeve med at grunnlaget for drift ved den kommunale barne- og ungdomsskulen fell bort ved ein eventuell oppstart av ein kristen privatskule. Direktoratet meinte også at avstanden til kristne Møre Barne- og Ungdomsskole i Herøy ikkje vil vere for lang for elevane som ønskjer å gå på ein kristen skule.

Den kristen privatskulen på Vartdal skulle vere for 224 elevar frå 1. til 10. trinn.

Klaga

I november klaga Vartdalsstranda Privatskule AS på avslaget. Dei seier mellom anna at det ikkje er skulen sin intensjon å utkonkurrere den offentlege skulen, men å vere eit alternativ til denne. Difor valde dei også i klagen å redusere talet på elevar første året.

Direktoratet sin kommentar til dette er at det sjølv med eit lågare enn tidlegare forventa elevtal, vil vere ei reell fare for at den offentlege skuledrifta vil verte lagt ned. Konsekvensen for den offentlege skulestrukturen vil kunne verte alvorleg, meiner dei. Dei kommenterer også at det ikkje kjem klart fram i klagen om talet på elevar vert redusert berre det første året, eller om det er det totale talet det er snakk om.

Til Kunnskapsdepartementet

Elles tek direktoratet til vitende at avstanden for nokre av elevane til den private skulen i Herøy er lenger enn det direktoratet såg føre seg.

– Vi tek dette til orientering, men held fast på at det, sett i lys av dei negative konsekvensane det vil ha for skulestrukturen i kommunen at det vert etablert ein religiøs privatskule, ikkje er uforsvarleg at det er ein viss reiseveg for dei elevane som ønskjer eit alternativ til det offentlege tilbodet.

Utdanningsdirektoratet seier at dei har vurdert klagen, men at dei ikkje finn å kunne gjere om vedtaket om avslag. Klaga er sendt til Kunnskapsdepartementet for vidare handsaming.