– Vi var med i fjor også, men i år har vi enno fleire med oss. Det er veldig kjekt, seier administrasjonssjef Karen Longva Buset.

Sosialt

Jentebølgen er eit uhøgtideleg mosjonsløp for jenter i alle aldersgruppe og i alle fasongar og fysisk form. Løpet er fem kilometer langt, og kreativitet i kleda, talet på deltakarar og engasjement i løypa er vel så viktig som det å gå sjølve løpet.

– For meg som jobbar med personal så er dette med fysisk fostring viktig med tanke på sjukefråvær. Jentebølgen er også både sosialt og kjekt for dei tilsette. Det gir dei noko å jobbe mot og sjå fram til, seier Buset.

«Damenes aften»

Dei tilsette på Vartdal Plast har også tilbod om fleire aktivitetar. Mellom anna ballspel, spinning og styrketrening. Fleire tilsette har vore med på Nordsjørittet, og no er det Jentebølgen som står for tur.

– Det er ikkje berre sjølve løpet vi er der for. Vi skal ut å ete og ha det sosialt etterpå. Det er vel så viktig. Det bør vere eit heitt tips til næringa at dei diskar opp med lekre rettar til alle jentene som er i sentrum laurdag, seier Buset.

I fjor var det over 500 deltakarar på løpet.

– Det er synd om alle berre må gå rett heim.

Alle får vere med

– Det kjekke med Jentebølgen er at alle kan vere med, uansett kva form dei er i. Det er inkluderande for alle. I år er vi mange som er med. Det har nok ryktast frå i fjor kor kjekt det var.

I år er det første gongen at arrangementet vert halde i lokal regi. Bislett Alliansen bestemte seg for å legge ned den sentrale drifta av Jentebølgen 1. januar i år, og derfor bestemte alpingruppa i Ørsta seg for å ta over arrangementet. I år er det femte gongen at startskotet går i sentrum, denne gongen i Hamneparken.

– Vi håper så mange som muleg stiller opp saman med oss, oppmuntrar Buset.

Meir informasjon er å finne på Jentebølgen Ørsta si facebookside.