Dagleg leiar Per Kristian Langlo i K.A. Aurstad opplyser at selskapet i ein lenger periode har hatt stor auke, noko som stiller større krav til korleis dei kommuniserer.

Frå torsdag av endra selskapet fokus frå merkevara K.A. Aurstad AS til merkevara Aurstad. Samstundes lanserer selskapet nye nettsider og ny logo, utvikla av kommunikasjonsbyrået Racer.

– For oss viser logoen vår både historie og innovasjon. Den viser til at vi tek vare på vår grunnverksemd, og at vi også tenkjer framover. Vi skal byggje ei merkevare på våre kjerneverdiar som vil gje eit betre bilete av selskapet utad, både visuelt og i måten vi kommuniserer på. Vi har utvikla mellom anna nettstaden for fleire flater, noko som gjer at vi vert meir tilgjengelege for både kundar og samfunnet. Det er viktig at vi viser den posisjonen vi har i dag, med ein ny og oppdatert profil. Vi har tatt første steget med å oppdatere oss digitalt, både med ny nettstad og nærvær på fleire sosiale medium. Dette skapar òg nærleik til omverda, noko som vi er opptekne av. Det vert ei gradvis utrulling av den nye profilen i 2014, og dette vil vise i nærmiljøet der vi opererer, seier Langlo.

Mellom anna skal den grafiske profilen takast i bruk på bedrifta sine maskiner og utstyr.

– Logoen er ei modernisering av tidlegare uttrykk, og vi har også utarbeidd eit symbol som skal vere med å styrke identiteten vår. Slik tek vi vare på historia vår, samstundes som vi skapar ein ny og framtidsretta profil.

K.A. Aurstad vart etablert med fokus på grunndrift av mobile knuseverk, av Kjell Arne Aurstad i 1985. Selskapet har opplevd ei stor vekst og har utvikla seg til å verte eit av det største entreprenørselskapet på nordvestlandet. Bedrifta tel i dag om lag 170 tilsette, og omsette i 2012 for om lag 402 millionar kroner. Hovudkontoret og verkstaden ligg ved flyplassen i Hovdebygda.

Per Kristian Langlo