– Eg var i Dalevegen og sykla umiddelbart etter at eg kom heim frå sjukehuset, med stiv krage. Eg sykla fram og tilbake for å forvisse meg om at eg ikkje hadde teke skrekken. Som gamal skihoppar har eg lært at eg ikkje skal avslutte dagen med eit fall, seier han.

Ulykka

Det var 18. september i fjor at Arne la ut på treningstur saman med Ørsta Sykkelklubb. Då treninga var slutt tok han farvel med dei andre og starta på heimvegen. Han var nesten heime då det small.

– Plutseleg var ein tømmerbil med hengar oppe på sida av meg, like før svingen mot Ørsta i Dalevegen. Det var svært uventa, for før ei uoversiktleg kurve skulle det vere umuleg av ein yrkessjåfør å ta ei forbikøyring, meiner han.

Verre vart det, for då Arne var på høgde med hengaren, vart han pressa slik at sykkelhjulet trilla klin inntil fortauskanten, og styret var heilt inntil tømmeret.

– Her var det sekund med 100 prosent fokus, men plutseleg vart alt svart.

Meir hugsar ikkje Arne Rotevatn, verken av hjelpemannskap, helikopterturen til Ålesund, eller dei første timane på intensiven der.

Etter om lag fem timar i koma vakna han. Då hadde han fått sydd 16 sting i andletet.

Dom

Sjåføren av tømmerbilen køyrde frå ulykkesstaden utan å stoppe. Arne har fått fortalt at sjåføren i#<\p>avhøyr har hevda at han såg i bakspegelen at han kunne sjå at sykkellykta var vel passert bakre hengar, og at syklisten var gått klar.

Politiførstebetjent Egil Rustad leia etterforskinga. Han ønskjer ikkje å kommentere dette.

– I trafikksaker vert det ofte påstandar mot påstandar, seier han.

Han stadfestar at sjåføren køyrde vidare, og at politipatruljen innhenta han ved Ørstaterminalen seinare på kvelden.

Men Arne Rotevatn er skuffa over sjåføren.

– Dette, saman med fleire andre løgner, gjorde meg skuffa og sint, og eg følgde opp saka både med politi og advokat.

Fleire vitne vart kalla inn til avhøyr, for det var mellom anna ein familie i ein møtande personbil som såg kva som skjedde.

– Utan vitna ville kanskje tvilen ha kome tiltalte til gode. Det ville truleg ha vorte ord mot ord. Men no er eg sjølvsagt nøgd med at sjåføren måtte «krype til korset» og erkjenne skuld.

I eit brev i august fekk nemleg Arne stadfesta at sjåføren har erkjent straffskuld og at han har vedteke ei bot.

– Saka er avgjort med førelegg på 7.000 kroner, og tap av førarkort i ni månader, stadfestar Rustad.

Til Arne har advokaten sagt at straffa er for mild, og at det har teke for lang tid før den var avgjort.

– Vedkomande sjåfør var frå eit anna politidistrikt, og saka vart sendt dit. Det er også avhøyrt fleire vitne, og då tek det litt tid, seier Rustad.

Arne har fått vite at han kan reise sivilt søksmål mot sjåføren, og søke om oppreisingserstatning, og han vil vurdere om han skal gjere dette.

Han har ikkje høyrt eit ord frå sjåføren, eller frå firmaet sjåføren jobba for. Også dette skuffar han.

Tida etterpå

I dag tenkjer han tilbake på ulykka med blanda kjensler. På den eine sida har han lovprisa livet etterpå, og er svært takksam for at han lever og at han ikkje hamna i rullestol. På den andre sida er han litt irritert over at slike ting skjer.

– Det er så unødvendig. Her vert både eg og det offentlege påført store kostnader og lidingar fordi ein bilist gjer ei haste-forbikøyring.

Arne har registrert at han ikkje er aleine om å ha opplevd dette.

– Vi les mest dagleg om forulykka syklistar, og mange dødsfall, seier han.

Sjølv har han hatt ei slitsam «reise» det siste året, med lege- og sjukehusbesøk, optikar, tannlege, fysioterapi, apotekkøar, politiavhøyr, advokatsamtalar med meir.

– Men i dag kan eg gle meg over at eg kan sykle med ein splitter ny landevegssykkel, og eg gler meg til ein ny sykkelsesong i 2014 saman med Ørsta Sykkelklubb.

Dei varige men som vert sitjande i kroppen må han leve med.

– Og til det brukar eg ein sykkel av ypparste klasse, og ein kameratgjeng av dei sjeldne, som motivasjonsfaktorar.