Ombyggingsarbeidet til G-Sport sine lokale i Ørsta nærmar seg ferdigstilling, og i neste veke er det opning av lokala som mest har vorte dobbelt så store.

– 31. oktober startar vi livet i større lokale, og vi vil vere den største sportsbutikken mellom Ålesund og Bergen. M.a. får vi på plass verkstad i butikken, og i år eller neste år vil vi også investere i slipemaskin. Dette er ei infraraud maskin, og ein prosess som normalt tek eit par timar vil vere gjort svært presist på fem til ti minutt, seier Kenneth Nydahl.

– Ein tøffare bransje

I mange år har G-Sport vore lokalisert i første etasje på Ørsta Torg, og no vil butikken nesten fylle heile etasjen.

– Vi går frå 360 kvadratmeter til knappe 600 kvadratmeter. Med ei slik utviding vil også utvide sortimentet litt. Kundane skal få litt stormaknadskjensle av butikken, og det eit slags miniatyr G-Max.

– Korleis er det med konkurransen innafor denne næringa?

– Den har kanskje aldri vore tøffare. Vi har gigantane i Ålesund med G-Max og XXL som stressar på prisnivå. Vi vil ha ein oppegåande og ryddig butikk, og målet er å minimalisere avstanden til dei store butikkane. Vi skal ha dei rette varene til rett tid, og vi skal gjere alt for å vere best på sørvis, seier Nydahl.

– Marknaden er beintøff

I Ørsta er det tre sportsforretningar innafor kort avstand med Intersport, Sport 1 og G-Sport, og i Volda er også G-Sport og Sport 1 lokalisert.

– Her er tre reine sportsforretningar i tillegg til Staurset som sel ein del utstyr. Det er heller ikkje lenger veg til Volda enn at her er fem sportsforretningar innanfor ei mil. Det er klart at marknaden er beintøff, og det du gjorde i fjor er ikkje godt nok i år. Du må heile tida vere med, og det meiner vi at vi gjer med dei grepa vi tek no. Vi er også veldig godt nøgde med huseigar Ørsta Torg som vel å gjere dei grepa dei gjer no. Underetasjen er fullstendig oppussa, og etter kvart vert dette også gjort i andre etasje, og det ligg an til å kome nokre butikkar der.

– Vi må følgje med

Dei siste åra har det å bevege seg meir på fjellet og kome seg på sykkelsetet vorte populære aktivitetar. Det er noko som sportsbutikkane merkar.

– Det er det som har gjort at sportsbransjen har halde stand uavhengig av kva slags økonomiske tilstandar som har vore rundt omkring, men sportsbransjen har merka det siste året at det har vorte tøffare. I tillegg er det fleire som skal selje sport gjennom andre butikkar uavhengig om dei kan det eller ikkje, og det gjer at bransjen tettar seg til og det vert tøffare.

Enklare tilkomst frå Nordfjord og Stryn er noko som G-Sport også merkar.

– Det klart at vi merkar at det er litt andre folk og dialektar innom, men igjen så merkar dei på andre sida av tunnelen det same. Vi merkar meir konkurransen utanfrå med tanke på nysgjerrigheita på G-Max og XXL. Vi passar på prisnivået, men på enkelte ting er dei billegare og på andre ting er vi billegare. Vi må følgje med, seier Nydahl.