Det seier Svein Steinnes, mangeårig eldsjel i Ørsta småbåthamn.

Inspirert av utspela som har kome om sentrumsutviklinga i Ørsta i Møre-Nytt dei siste vekene, hentar han fram ein ide han har hatt nokre år.

Langgrunt

– Lat oss byggje ei ny småbåthamn utanfor meieriområdet, på andre sida av Ørstaelva. Her er det langgrunt, og mogleg å byggje ein god molo, seier Steinnes.

Han har laga ei skisse for hamna, og ser føre seg at ho får plass til nær to hundre båtar. Hamna vil liggje vis-à-vis noverande hamn, på andre sida av utløpet av Ørstaelva.

Gangbru

– Vi kan knyte saman dei to hamnene med å byggje ei gangbru mellom moloane. Sjølvsagt må brua byggjast slik at det vert teke omsyn til flod og isgang, seier Steinnes.

I regionen er det i dag større småbåthamner i Ørsta, på Rjåneset og i Volda. Steinnes fortel at det er underdekning av båtplassar.

– Eg trur likevel at skal vi få dette til, må det verte eit regionanlegg, og vi må ha med Volda. Det trur eg vil vere mogleg, for i Volda er det ikkje mogleg å byggje ut meir hamneplass fordi der er for djupt, seier Steinnes.

Viss småbåteigarar i Volda vert med, er Steinnes overtydd om at hamna let seg finansiere.

Området ved meieriet er ifølgje Steinnes kommunal grunn, men han er usikker på reguleringa.

– Eg ser at der kan vere ein konflikt med meieriet, fordi dette området også kan vere mogleg utvidingsområde for meieriet. Likevel meiner eg at ei ny småbåthamn i Ørsta vil vere eit aktivum, seier Steinnes.

Då viser han til debatten som har kome om utviklinga av Ørsta sentrum etter at vegvesenet gjorde det klart at Sjølina ikkje lenger er aktuell som riksvegtrase.

– Vi treng fleire innbyggjarar i Ørsta. Då er det naudsynt med attraktive tiltak. Ei ny og stor småbåthamn vil vere eit slikt aktivum, insisterer Steinnes.