– Alt har klaffa og gått rette vegen for Eiksundsambandet. Byggjekostnadane heldt seg under budsjett, rentekostnadene har gått ned, og trafikken har vakse jamt kvart år, seier dagleg leiar Svein Nærø i Eiksundsambandet AS.

Framleis veks trafikken gjennom sambandet. I januar var auken på 4,8 prosent i forhold til fjoråret, i februar var auken 6 prosent, i mars 9,7 prosent og i april 16 prosent. Dette er langt over det som var estimert under planlegginga av sambandet.

– I stortingsproposisjonen var det rekna femten års nedbetaling frå oppstarten, ut ifrå estimert trafikk, renter og kostnader, seier Nærø.

No ligg det altså an til å verte nedbetalt på seks år. Men nøyaktig kva tid prosjektet er nedbetalt, er vanskeleg å seie.

– Vi greier ikkje å berekne det så langt i forkant. Vi seier det vert i løpet av neste sommar. Nokre tolkar dette til juni, andre tolkar det til april. Sjølv veit vi det faktisk ikkje.

– Kva skjer når sambandet er nedbetalt?

– Då vert bommane fjerna, og ein vil betale tilbake til aksjonærane i høve konsumprisindeks. Så vil ein avvikle selskapet Eiksundsambandet AS. Eventuelle resterande middel vert overført til Statens vegvesen til drift av tunnelen, seier Nærø.