I sommar tok Tussa Installasjon si avdeling i Ulsteinvik over og flytta inn i nye og større lokale på Skeide. Fredag vart alle dei tilsette frå Ulsteinvik, Ørsta, Hornindal og Vanylven inviterte til offisiell opningsmarkering, som inneheldt “minimesse” med leverandørar og sosialt samvere med kollegaer.

– Bygget vart kjøpt i sommar, men det var først no vi hadde mogelegheita til å kunne samle alle dei tilsette, fortel Jo Stian Tverberg, administrerande direktør i Tussa Installasjon.

Størst i Ulstein og Ørsta

Verksemda er stadig ekspanderande og Tverberg fortel at avdelinga i Ulstein voks ut av sine tidlegare lokale. – Det er i Ørsta og Ulsteinvik at vi har dei største avdelingane og til saman har vi om lag 90 tilsette fordelt på dei fire lokalavdelingane. Tussa Installasjon har aldri hatt ei større ordreliste og aldri hatt større aktivitet enn det vi har no, og då er det godt at vi kunne ta i bruk eit mykje meir egna bygg her ute, slår Tverberg fast.

Sentrale leverandørar

Under tilstellinga fredag kunne dei tilsette møte representantar frå fleire sentrale leverandørar, som villig synte fram sine ulike produkt og løysingar. – I dag køyrer vi ein leverandørdel og så har vi ein sosial del etterpå. Eg synest det er veldig okay å kunne arrangere slike samlingar, der ein kan ha det sosialt på tvers av avdelingane. Tverberg meiner også at det er viktig at dei tilsette får møte dei som står bak produkta ein nyttar i det daglege og at ei slik “minimesse” kan vere med på å skape gode forhold til leverandørane og dyrke samarbeidet med dei.

Administrerande direktør i Tussa Installasjon, Jo Stian Tverberg, fortel at bedrifta aldri har hatt meir å gjere enn dei har på noverande tidspunkt.