Ørsta Jeger og Fiskeforeining har dei siste åra hatt ein avtale med Atlanterhavsparken om å gje vekk ein del av laksane som har vore brukt til kultivering.

I år vart atten laksar fanga og brukt til kultivering i Ørsta. Elleve av dei vart sleppte ut att i Ørstaelva, medan sju av dei no hamnar i Atlanterhavstanken.

Tidlegare var ei slik gåve umogleg, då strenge reglar for kultiveringsarbeid stilde krav om at all laks skulle avlivast og takast prøver av etter han vart stroken. Dei siste åra har reglane vorte endra, så ein slepp no å avlive laksen etter at prøvene er tekne. Dermed kan ØJFF sleppe dei “friskmelde” laksane tilbake i elva – eller gje dei til Atlanterhavsparken.

Akvarist Trond Østrem ved Atlanterhavsparken var måndag i Ørsta for å hente dei sju laksane, som no skal nyte tilværet som pensjonistar saman med torsk, sei, steinbit og andre fiskeslag i det store akvariet.

Faktisk var det berre to laksar att i tanken, så Østrem er glad for supplementet.

– Det er ikkje lett å få tak i laks på anna måte enn å hente dei her. For oss er det veldig fint å ha eit slikt samarbeid. Det er også kjekt å få studere korleis laksen oppfører seg, kor fort han veks og slikt, seier han.