Det melde toreveret over Ørsta er i gang. Fredag kveld kom uveret over Hjørundfjorden med lyn og tore, og ein god del regn.

Då hadde det tidlegare på ettermiddagen herja i Valldal og i Stranda. Frå Valldal vert det meldt om store nedbørsmengder, og i Stranda hagla det store hagl. Hagla vert karakterisert som klinkekuler.

Toreveret kom etter kvart innover Hjørundfjorden, og i tjuetida starta det å lyne og brake både i Norangsfjorden og på Viddal.

Uveret ser ut til å gå i retning frå aust til vest. På Sæbø var det rett før kl. 21 regn, men Bondalen var lys og klar.

Møre-Nytt har vore i kontakt med folk i Ørsta sentrum, og der var det i 21-tida fint ver.

Laurdag er det meldt at lokalt torever vil halde fram, men det er uråd for meteorologane å seie kvar det vil råke.

Ut med kontaktane

Uansett gjeld er det viktig at folk tenkjer på det elektriske utstyret når torever er på veg. Det vil seie ut med kontaktar til fjernsyn, datamaskinar, ruterar osb.

Har du bilete eller rapportar frå toreveret, send mail til avis@morenytt.no