Torsdag morgon oppdaga eigaren av ei lita gummijolle at ho var vekk frå plassen sin i Ørsta småbåthamn. Båten hadde vorte stolen i løpet av onsdag kveld/natt til torsdag.

Båten er av typen ”West Light 270”, men det står ”King Light 270” på registreringsskiltet. Det står ”Way In” med sprittusj i baugen. Det var ein bensintank om bord, og dessutan ein Johnson 4 hk påhengar som for tida er defekt. Saka er meld til politiet.