Det seier Solveig Moe Frøland (57), kommunikasjonsdirektør i Kystverket.

Mor hennar døydde i barsel då ho vart fødd. Det har sett sitt preg på Solveig sitt liv.

Det er heilt naturleg å møte Solveig på Fru Svendsen kunst- og kulturkafé. Solveig er eit fyrverkeri av ei dame og også eit kafé-menneske. På kafé kan ho kople av, ta inn nye inntrykk frå omgjevnadane og nyte ein varm og god kopp kaffi. Med mjølk.

Solveig vart fødd 14. mars 1960 i Ørsta. Mor hennar døydde då ho vart fødd, og ho har vakse opp med tante og onkel som foreldre.

– Sjølv om eg ikkje kjende mor mi, og eg hadde ein god barndom, har nok denne starten på livet verka inn på meg umedvete. Eg visste tidleg at eg måtte stå på for å kome meg fram her i verda. Ingenting kjem rekande til deg på ei fjøl. Du må stå på, vere litt sta, vere glad i folka rundt deg og aldri gje opp.

På fanget: To år gamle Solveig på fanget til pappa Kaspar Moe.

Kystverket

Ho er tilsett som kommunikasjonsdirektør i Kystverket, med hovudkontor i Ålesund. Gift med ålesundaren Atle, som ho møtte på ein 17. mai-dans på idrettshallen i Ørsta i 1977. Dei har sonen Martin og døtrene Lill Beth og Anne-Sofie. I Mosmarka har dei bygd seg hus, og her er heime for Solveig. Ho slappar aldri så godt av som når ho kan kome heim til det kvite huset.

Solveig har vore tilsett i Kystverket i snart sju år, og ho stortrivst i jobben. Arbeidsdagen er variert. Ho har ansvaret for sju kommunikasjonsrådgjevarar, og desse er plasserte rundt om i Noreg. Ein i Tromsø, ein i Haugesund, ein i Horten, og resten i Ålesund. Det blir mykje reising mellom dei ulike kontora. Totalt har Kystverket om lag 1.100 tilsette. Solveig er med i leiargruppa som har hovudsete i Ålesund, og rapporterer til kystdirektøren.

– Det er mange arbeidsoppgåver som skal følgjast opp, og det blir hektiske dagar. Det likar eg godt! Staben eg er leiar for har ansvaret for både intern og ekstern kommunikasjon. Kommunikasjonsstrategiar, digitale plattformer, foto, nyheitsbrev og mykje kommunikasjonsrådgjeving er nøkkelord for å beskrive kva vi jobbar med. Vi har også ansvaret for krisekommunikasjon og samfunnskontakt, og er med på ulike øvingar rundt i landet.

Fru Svendsen: På kafé koplar Solveig Moe Frøland av. Foto: Lisbeth Bjørneset Myklebust

Mannsdominert

Kystverket er underlagt Samferdsledepartementet. Det er ein mannsdominert organisasjon, og sjølv om nokre kvinner har funne sin plass i leiande posisjonar, er nok dei fleste som er her menn. Av dei 15 som er med i leiargruppa, er berre tre kvinner, ein prosentdel på 20, medan det på mellomleiarnivå ligg på om lag 23 prosent. Dette ligg på landssnittet når det gjeld kvinner i toppleiargrupper, men godt under på mellomleiarnivå.

Ein fersk rapport frå Møreforsking AS viser at kvinner i leiande stillingar i Noreg ligg på 20 prosent i toppleiargrupper, medan den er på 35 prosent for alle leiarnivå. Om lag det same gjeld for Møre og Romsdal (34,2 prosent i 2015).

– Eg har aldri vore ei kvinnesakskvinne som har gått i tog 8. mars, men jobbar likevel indirekte med å få kvinner til å gå inn i leiande posisjonar. Dei må ha meir tru på seg sjølve, ta meir ansvar, og tore å stikke fram hovudet. Vi er slett ikkje i mål når det gjeld likestilling her i landet, i alle fall ikkje når det gjeld å få kvinner inn i leiande stillingar. Det må vi gjere noko med. Kvinnene må vere meir aktive og synlege dersom dei vil «opp og fram». Det nyttar ikkje med deltidsjobb dersom du skal vere leiar.

Solveig har vore styreleiar for LederForum Sunnmøre, styremedlem i Styreakademiet Sunnmøre, og i styret i Norsk kommunikasjonsforening. Ho deltek også i andre nettverk innanfor kommunikasjonsleiing, både lokalt og nasjonalt. Held foredrag, og høyrer på kva andre har å formidle. Blir inspirert, og prøver å bidra slik at andre også engasjerer seg.

– Eg har litt todelt syn på dette med kvinnenettverk. Det er viktig at kvinner og menn kan ha felles nettverk, ut frå fagfelt og interesseområde. Men eg trur også det er viktig at kvinner har eigne nettverk, der vi kan støtte opp om kvarandre, få fram den gode kjensla av at vi kan prestere og få det til, sjølv om ikkje alt er heilt perfekt. Vi er ikkje dårlegare eller mindre flinke enn menn, men mange av oss er meir perfeksjonistar og har mindre tru på oss sjølve. Det må vi jobbe med!

Målretta

Det var ikkje sjølvsagt at Solveig skulle kunne ta til i ei stilling som kommunikasjonsdirektør heller. Vegen dit har vore både lang og krunglete, og ho har jobba iherdig og målretta for å nå så langt som ho har gjort. Ho har jobba seg opp frå å vere tilsett som laborant ved Folkehelseinstituttet i Oslo i sin ungdom, via jobb på laboratoriet og i administrasjonen ved Volda sjukehus. Hovudverneombod på same stad, og kommunikasjonssjef i Helse Sunnmøre, til no å ha ein leiarjobb det ikkje finst mange av her i fylket. Utdanning har det blitt undervegs. Kommunikasjon og leiing ved Høgskulen på Lillehammer, Marknadsføringsleiing av tenester, og til slutt Master i kommunikasjonsleiing frå BI i Oslo.

– Det var nokre som hadde tru på meg i denne perioden. Det gav meg dei puffa eg trengde for å ta tak og satse på det eg hadde lyst til. Eg er dei evig takksame for støtta og råda eg fekk då eg trengde det.

Då borna var små, måtte ho nok forsake ein del på heimebane for å klare å fullføre planane sine. No når dei er vaksne og har flytta ut, har jobben, reisinga og engasjementet blitt eit levesett. Slik vil ho ha det.

– Ungane leid ikkje nød då dei var små, det var berre det at eg var like mykje oppteken med skulegang og arbeid som Atle var. På den tida var ikkje det alltid akseptert. Mødrer skulle halde seg heime og ta seg av hus og heim.

Men sta som ho er – Solveig gav seg ikkje. Og no jobbar ho med det ho brenn for, kommunikasjon og leiing.

– Det har alltid vore mottoet mitt – Stå på! Ikkje gi deg! Du kan klare det du vil berre du gjer ein skikkeleg innsats. Dette har eg også prenta inn i borna mine.

Øving: Solveig Moe Frøland under ei øving i regi av Kystverket i 2011 (SkagEx11Øvelse). Foto: Pål Are Lilleheim, Kystverket.

Reiser

Dei to jentene er lækjarar, og sonen er flykaptein. To barnebarn har kome til, og Solveig må heilt til Dubai for å besøke dei.

I tillegg til at Solveig reiser mykje i jobben sin, brukar ho også alle fridagar og feriar til å reise. Med familie i Dubai, er det naturleg å ta turen dit både titt og ofte, og så har ho «hytter» både på Thailand, i Tyrkia og på Gran Canaria. Og pendlarbustad i Ålesund. Så når ho ikkje reiser i jobbsamanheng, reiser ho på tur med vener og familie. Og nokre gonger finn ho altså roa i det kvite huset i Mosmarka. Solveig er verkeleg eit fyrverkeri og ein energibunt av ei dame, som har kome seg dit ho ville ved eiga hjelp og ustoppeleg vilje og innsats.

– Livet er her og no. Vi må innrette oss og leve slik vi ønskjer det. Det gjer eg, og eg nyt det i fulle drag.