– Ja, vi har ikkje opplevd liknande tidlegare. Vi har hatt ventelister på "Det beste svaret", men no har vi fått inn ekstra, og trur vi skal greie å stette etterspurnaden, fortel Inger Elin Bjørdal Aam hos Norli bokhandel på Ørsta Amfi.

Og at brettspelet "Det beste svaret" slår til, er for så vidt ikkje uventa.

– Spelet er utvikla av Mats Riise på Sæbø, og når det er noko lokalt som kjem, er alltid etterspurnaden stor, fortel Bjørdal Aam.

Også når det gjeld bøker, er det lokale bøker som sel best no før jul. Det er bøkene til Oddgeir Bruaset, det er boka til Asbjørn Skotte om Trandal, og det er Johan Ottesen si bok om fangsten i Ishavet, fortel Bjørdal Aam.

Ho er glad for at det kjem nye lokale bøker kvart år, for det er med på å halde bokhandlane oppe.

– Vi merkar konkurransen med nettbokhandlar, og at folk les bøker digitalt. Då er det godt at det kvart år kjem lokale bøker som vert etterspurde, fortel Bjørdal Aam.

Vinterstemning

Men ikkje alle får bøker eller brettspel til jul. Nokre vert utfordra til å kome seg utandørs.

– I år vert det mange lange pakkar under juletreet. Det «kvite gullet», som vi kallar førjulssnøen i sportsbransjen, har gjeve eit svært godt skisal, fortel Kenneth Nydahl hos Intersport.

Han og dei andre tilsette gler seg over ein svært travel julehandel, der det i motsetnad til dei siste åra har vore spesielt godt sal av skiutstyr og det som høyrer ein skikkeleg vinter til.

– Vi hadde ein svært god november, og inngangen til desember har vore veldig god. Det gjer at vi nok vil kome ut betre enn det vi gjorde etter julehandelen i fjor, seier Nydahl.

No er det ikkje slik at folk ikkje kjøper sportsutstyr til julegåver om det ikkje er snø. Men då er det andre typar varer.

– Sportsutstyr er uansett populært, men det hjelper på om det er snø. I dei vekene vi har hatt snø før jul, har det med eitt kome kundar på jakt etter ski og utstyr som høyrer snøen til. Særleg populært er det med felleski, fortel Nydahl.

Han opplever elles at folk handlar meir sportsutstyr generelt.

– Det er fleire som er aktive, og det påverkar sjølvsagt salet, seier Nydahl.

Han registrerer at det no er fire sportsforretningar i Ørsta.

– Det viser berre at Ørsta er attraktiv som handelsstad, seier han.

Ein stad der julehandelen er på sitt mest intense, det er hos Clas Ohlson på Ørsta Amfi.

– No går det så det grin. Det er slik jula er, og det er slik vi likar det, seier dagleg leiar Anita Aksnes.

Det er fem år sidan Clas Ohlson etablerte seg i Ørsta, og pila har jamt peika oppover.

– Vi har kundar frå heile regionen, og det er kjekt, fortel Aksnes.

Ho greier ikkje å peike ut ei bestemt vare som ser ut til å vere populær som julegåve.

– Nei, det vert handla alt mogleg, seier Aksnes.

Og som vil ha avliva ein myte.

– Mange ser nok på Clas Ohlson som ein karabutikk. Slik er det ikkje lenger. Hos oss er det minst like mange damer som karar som er ute for å handle. Kanskje var det meir slik før, at her var mest karar, men etter at vi til dømes satsa meir på interiør, har vi sett at stadig fleire damer tek turen innom, seier Aksnes.